Johannes på tur til takeoff

Johannes sjekker inn ..

Neste års deltaking i Red Bull X-Alps (RBXA) for Dagfinn er annonsert, og eg vil nytte anledninga til å gratulere han med deltakinga. Han har gjort ein stor innsats for å kome med, og søknaden som vart levert var god. Det same synes tydeligvis Red Bull. Eg vert hans supporter i racet.

I kulissene før og etter søknad til RBXA har både Dagfinn og eg tenkt ein del gjennom kva dette vil innebere, og kva tiltak me må gjere for å være best mogleg rusta til start neste sommar.

Forberedelsar på mange plan må kartleggast og utførast. Ei av kartleggingane har vore ei bevisstgjering på kvalitetar og svakheter hjå oss begge, men med hovedfokus på Dagfinn. Ei viktig del av forberedelsane er å styrke sine beste kvalitetar, samt redusere sine potensielle svakheiter. Dei som er Dagfinn nærmast har peika på at han gjerne ikkje er glad i å stå opp tidleg, og at han er kronisk tidsoptimist. Sjølv har han og ytra at han trur han vil ha vanskar med å fungere godt tidleg på dag, og utan nok søvn. Ein herleg cocktail av personlighetstrekk for RBXA 😉

Som supporter kan eg ikkje pakke dyna kring Dagfinn, så då måtte det ei utfordring til. Ei veke med trening frå kl 05:00, halde seg i aktivitet (ikkje kvile) på dagtid, og leggetid tidlegast 22:30. På den måten kan me til ei viss grad simulere tidspunkter i race, kombinere det med trening (som er tilpassa noko mindre restitusjon), og få testa korleis Dagfinn sin kropp og hovud fungerer med redusert søvn og tidleg start. Så klart gjeld ikkje dette kun for Dagfinn, og som supporter er det rett og rimeleg at eg køyrer same løpet.

Så denne veka (43) startar med vekkerklokke kl 04:50. På med treningstøy, og ete medan ein er i aktivitet. Kva ein et/drikk, og korleis ein responderer på å ta til seg næring i aktivitet må også kartleggast, så her får me tikka mange boksar samstundes.

Så; kva skal så til for å motivere ein kar i 20-åra på å kome seg opp i beste sovetid, medan det er bekmørkt ute? Kva er in for kidsa? Finst det ein app? Heldigvis er Dagfinn ein positiv fyr som gjerne tar imot ei utfordring, og som også forstår behovet for å teste slike ting. Sjølv er eg småbarnsfar på 5 året og godt etablert med lite søvn og irrasjonell døgnrytme, så akkurat denne delen av forberedelsane trur eg skal gå smidig for eigen del. 🙂 

Me tek ei oppsummering til helga mht. korleis kropp og hovud fungerte ila veka, så får me sjå om Dagfinn er like motivert til å finne på noko liknande fleire gonger dei komande 8 mnd, eller om eg må lokke med Pokemon-Go eller tilsvarande for å engasjere ungdommen 🙂

Følg oss her på www.teamgraneng.no/kalender for å få innblikk i korleis treningsveka går for oss begge!

Del dette innlegget

Share on facebook
Share on twitter
Share on linkedin
Share on pinterest
Share on print
Share on email